Politiske meiningar frå LFBs regionar

Denne hausten har Landsforeningen for barnevernsbarn helde samlingar ute i regionane, der vi har samla inn meiningar frå medlemmane våre. Regionsamlingar er møteplassar der medlemmar kan møtast, bli kjent med nye folk, delta på morosame aktivitetar og ete god mat med andre som skjønner korleis det er å vere barnevernsbarn.

Og når vi først er samla køyrer vi på me eit regionråd! Regionråd er eit møte der LFBs medlemmar kan dele sine meiningar med organisasjonen, slik at LFB kan vere oppdatert på medlemmanes meiningar. Møta er viktig del av organisasjonens demokratiske arbeid, for det er nemleg medlemmane som bestemmer i LFB.

Fokus på årets regionråd har vore ettervern, fordi organisasjonen ynskjer å kunne fortelje dei som bestemmer kva barnevernsbarn ynskjer i eit ettervern. Du kan sjå bilete av ettervernsveggen til region sør og vest under.

Ettervernveggen til region sør og vest

Region aust samla seg i Oslo, region sør og vest i Bergen og region midt og nord i Tromsø. Tusen takk til alle deltakarar for delinga av viktige erfaringar og reflekterte meiningar.